Banereglar
For at alle skal ha ei god oppleving på bana, ber vi alle spelarar følge desse reglane.
Medlemskap
Alle som spelar må ha medlemskap. Medlemsskap kan kjøpast på Min Idrett . Ein kan ta med seg ein gjestespelar, men vedkomande må ha medlemskap for gjentakande spel.
Tidsbruk
Kvart spelande par har rett til banen i ein klokketime rekna frå kvar heile time. Bana kan brukast lenger om ingen ventar på å spele.
Sko
Bruk kun tennissko med flat såle. Joggesko er forbode. Joggesko lagar hol i bana og riv opp linjene.
Kosting
Kost bana kvar gong etter spel. Kost i sirklar utanfrå og inn. Pass på at linjene ikkje blir rivne opp. Kost linjene med linjekosten.
Vatning
Bana skal alltid vatnast før spel. Dersom det er tørt, må det vatnast ekstra godt. Området 2 meter framfor grunnlinja og 2 meter bak må vatnast ekstra godt. Dersom ingen ventar på å spela gjerast ei grundig vatning av dei som avsluttar spelet. Ein må ikkje vatne så mykje at det blir dammar og ikkje rett stråla rett i grusen slik at det blir hol.
Bos
Skal leggast i bosspann eller takast med heim.
Regelbrot
Dei som ikkje følger reglane om bruk kan bortvisast frå banen. Ved gjentaking kan ein miste retten til å bruke bana.
Lås
Hengelåsane har brukslogg slik at tennisklubben alltid veit kven som nytter bana.
